Vikingane og det irske skriftspråket

Nordmenn var i all hovudsak analfabetar opp til år 1800. Kan dette ha vore eit resultat av forbanningar som vikingane drog nedover hovudet på oss? Valdlege nordmenn held på å øydeleggje det irke skriftspråket ved målretta angrep mot kloster og litteratursenter kring år 800 e.kr.

vikings-attack-lindisfarne

Angrepet på Lindisfarne i 793 e.kr var starten på 1.000 år med litterœrt mørke for nordmenn.

Bjørg Nesje Nybø tok doktorgrad på ei samanlikning av framveksten av irsk og nynorsk skriftslitteratur.  Universitet i Oslo i 2013.

Du kan lese på side 83 i rapporten hennar, om at Irand hadde eit rikt skriftspråk alt i år 600. e.kr. I tre hundre år, før mørket senka seg. Dette var stordomstida til den keltiske kristne trua, som var spreidd i Nord-Atlanteren av Irske munkar.

Vi har sett at irsk hadde ein sterk skriftleg tradisjon heilt fram til 1700-talet, og at vi framleis finn restar av denne tradisjonen det meste av 1800-talet. Dette var ein gammal tradisjon som gjekk heilt attende til 600-talet då ein tok til å skrive irsk med latinske bok-stavar. Den forma for irsk som då oppstod, blir kalla gammalirsk og var i bruk i om lag tre hundre år (ca. 600–900). Det finst ein heil del litteratur frå denne perioden, noko som gjer at irsk har den eldste litteraturen på eit folkemål i Europa, når ein ser bort frå gresk og latin (Greene 1966:8f). Denne tradisjonen skulle få stor påverknad på utforminga av eit framtidig irsk skriftspråk.

3.3.2.3 – Skriftlege standardar for norsk og irsk
Sidan norsk mangla ein skriftleg tradisjon tidleg på 1800-talet, eksisterte det heller ikkje noko standardisert norsk skriftspråk. Då var stoda annleis i Irland, der det alt på 1100-talet oppstod eit standardisert litterært språk. Før den tid hadde skriftspråket alt i den gammalirske perioden vore relativt standardisert, ein standard som blei halden oppe av dei lærde klassane, som i all hovudsak heldt til i klostera. Denne tradisjonen blei broten då vikingane tok til å angripe Irland

No oppstod det ein kamp mellom eit talemål i stadig utvikling og den gamle standarden. Språket i denne perioden (900–1200) blir kalla mellomirsk. Mot slutten av 1100-talet dukka det opp ein ny type lærde lekmenn, som levde av å selje hyllingsdikt til aristokra-tiet (sjå side 66). I meir enn fire hundre år (1200–1600) nytta denne klassen det standard-språket som blir kalla tidleg moderne irsk eller klassisk irsk (Greene 1966:12). Det var eit stabilt skriftspråk som blei brukt i heile området der irsk var i bruk som skriftspråk, også i dei skotske områda.
I heile 400 år var dette skriftspråket eit einskapleg litterært språk utan dialektvaria-sjonar. Truleg kom dette i stor grad av diktarskulane (Caerwyn Williams og Ford 1992:215). Talespråket endra seg vesentleg på desse hundreåra, særleg lydsystemet, med det resultatet at skriftspråket etter kvart ikkje lenger gav att talespråket. Det var i denne perioden dei moderne irske regionale dialektane utvikla seg

Advertisements

About ivarfjeld

Born in Bergen, Norway in 1965
This entry was posted in Irland. Bookmark the permalink.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

w

Connecting to %s